[email protected]


Logo
Bli medlem
Bli medlem!

Rittrapport Engelsen cup #1

Forfatter: Jan Istvan Vørøs

16. juni 2020

Forside
News article image

Sol, kvige, gyllevogn, 18 syklistar, 6 vaktar og kake stod for innhaldet, då første fellesstarten vert gjennomført. Morten Storesund var raskaste mann og Kjersti Kvarme raskaste kvinne.

1. Morten Storesund, 2. Kjetil Toth (begge CKH), 3. Marcus Kvarme (Stord SK). Tida på rundt 53 minuttar. Ein kjekk ung Marcus og ein annen kjekkas gjekk tidleg i brudd, men til Vik var dei henta inn igjen. Så var det dei to siste bakkane som var avgjerande for rekkjefølgjen i mål.

Kjersti vann kvinneklassen overlegen.

Etter målgang kom det rapporter om ymse hendingar undervegs i rittet. Syklar ein ritt på vestsida av Stord må ein venta seg eksotiske opplevingar for bygutar frå Haugasund.

Vaktar og kaker er som alltid framifrå. Dagens vakt er 70 årige Per Magne Vik. Han leverte førsteklasse i vakting og uniformering.

Neste ritt vert neste tysdag, då er det temporitt.