Referat Årsmøtet 2021
Forfatter: Jan Istvan Vørøs
28. februar 2022
Fredag 25. februar klokka 19.00 var 11 medlemmer samla på Den Blå Time for å avvikla årsmøtet i klubben.
Etter at dei formelle punkta på dagsorden, gjekk Stein Helge Simonsen gjennom årsrekneskapet for klubben. 2021 visar eit lite overskot, som visar ei god styring økonomisk. Årsmeldinga var ei kortfatta resymè av 2021, som ikkje var eit år med den vanlege aktiviteten grunna pandemi.
Punktet på dagsorden der det var knytta mest spanning til utfallet var valet av styret og valkomite, det blei smidig gjort med at årsmøtet kunne støtte valkomiteen sin innstilling om å fryse styret, og frigjere dei som hadde meldt ønskje om å gå ut av styret.
Det medførte til at ein har nokre tomme plassar, som styret fekk mynde til å fylle om naudsynt.
Styret vert dermed:
Styreleiar Remi A. Sortland til 2024
Kasserar Stein H. Simonsen til 2024
Styremedl. Liv Valen til 2024
Styremedl. Nils Arne Røvde til 2024
Valkomite vert:
Leiar av valkomiteen Alexander Horneland til 2024
Medlem av valkomiteen Egil Veka til 2024
Medlem av valkomiteen Kjell Angeltveit til 2023
Til informasjon vert samanslåing av Stord og Bømlo lodda, som årsmøte fekk mynde til å innleie samtaler med Bømlo om å sjå nærare på. Det vert vidare ein kort diskusjon om storleiken på dei nye draktane. Og lokale ritt og vakt som vanleg ein kime til uro. Årsmøtet hadde ei klar oppfatning at det må vere mogleg å pålegge aktive medlemmer oppdrag som vakt for å få klubben sin drift til å gå rundt.
Kvelden vert avslutta med pizza og sykkeldrøs.