[email protected]


Logo
Bli medlem
Gamle minner

Stordsk Bakketempo

Forfatter: Stord Sykleklubb

27. april 2026

News article image

Felles trening Bakketempo 29.04.26

Bakketempoen som låg ute på EQTiming blei dessverre avlyst grunna få påmeldte. Før vi legg dette heilt på is, ønskjer vi å sjå om det er interesse for ei uformell testøkt i staden.

Vi foreslår ein felles start frå Saneset og opp til Skistadion, køyrt som test på Strava-segmentet. Dette er heilt uformelt – berre ein fin moglegheit til å sjekke form og få litt konkurransefølelse 😊

👉 Oppmøte: kl. 18:00 ved start på Saneset 29.04.26

👉 Opplegg: Felles start, éin hard test opp til Skistadion

Håper det er fleire som synest det kan vere kjekt å sjekke formen😊