[email protected]


Logo
Bli medlem
Bli medlem!

Spar-Cup nr 1 2020

Forfatter: Stein Helge Simonsen

26. mai 2020

Forside
News article image

Sterke prestasjoner under årets første temporitt!

I 10-12 grader, sol og ein liten trekk frå nord, stilde 29 syklistar på startstreken til årets første Spar-Cup. God stemning og fleire personlege rekordar blei fasit, kjekt å sykla ritt igjen!
I dameklassen var det flott innsats av debutant Dina Storelid frå skeiseklubben med tida 29.16 på racersykkel. Raskaste dame blei som vanlig Elin Steinsbø frå Bømlo SK.
I tempoklassen for herrer blei det suveren seier til Ørjan Vika frå Nymark Il på den sterke tida 23.20. Andreplassen gjekk til Morten Storesund frå CKH på like over 24 minutt. Dei gamle er eldst seiast det, men i dag blei Ronald «Don Ron» Valvatne henvist til 3. plassen, kun 5 sekund bak Morten. Ronald blei med dette beste lokale rytter.
Dagens prestasjon stod Stord SK’s Marcus Kvarme for, då han susa inn til rekordtida (?) 24.03 på racersykkel. Bak han fulgte Freddy Dagsland og Alf Kvarme.
Takk til Kenneth, Harald, Jostein og Conny i arrangørstaben, og ikkje minst til Liv som leverte kaker og kaffi nok ein tirsdag.

Resultatliste frå EQ :
https://live.eqtiming.com/52807#result