[email protected]


Logo
Bli medlem
Bli medlem!

9-runden

Forfatter: Knut Gramstad

03. oktober 2022

Forside
News article image

Ei ny helg for roleg sykling, 1. og 2. oktober.

Laurdag sykla Knut runden åleine i fint, stilt ver. Fredeleg, men kjedeleg!

Søndag skulle "Kattnakken opp" ha gått, men det var berre to påmeldingar, og rittet blei avlyst. Egil, Jostein og Knut starta i fint ver på Esso kl. 9, men etter Jektevik byrja regnet, i tillegg til at vegen var fresa opp før asfaltering. Regnet kom og gjekk i løpet av turen, men humøret var bra. Det blei ikkje dårlegare då Stein blei med oss frå Årskog.

Haust og vinter er det fint å halda seg i form med roleg sykling; vårsesongen kjem fort på oss. 9-rundane held fram, og alle (med litt trening) er velkomne.

Knut