Bli medlem!
9-runden 6. og 7. februar
Forfatter: Knut Gramstad
07. februar 2021
Forside
Det blei ei fin sykkelhelg for "den ensomme rytter". Berre ein syklist møtte på Esso kl. 9 laurdag og søndag, men Knut hadde fine forhold med lite trafikk og snøberre vegar. Den kalde lufta svei godt i kinna, og med 10 minusgrader var det naudsynt med varme klede.
Saltinga av vegane kan vera problematisk på mange måtar, men det gjer at sykling er heilårsidrett hjå oss. Nå kan me sykla den eine dagen og gå på ski den neste med gode forhold begge dagane. Førebels er dette heldigvis ikkje ramma av koronatiltak.
Knut