[email protected]


Logo
Bli medlem
Bli medlem!

Rapport frå 9-runden 14. og 15. september

Forfatter: Knut Gramstad

16. september 2024

Forside
News article image

Det er framleis nokon som finn glede av utesykling om hausten.

Remi, Grant og Knut hadde ein fin tur på laurdag. Den eldste blei tatt godt vare på av dei sprekaste, og praten gjekk som vanleg. Me heldt oss innafor idealtida, (2:20 - 2:40). Veret var bra.

På søndag sykla Jostein og Knut runden. Det var ikkje andre syklistar å sjå, så mange tar det roleg etter sesongen. Veret var vått, og turen langs Langenuen var reine bekkesafarien med mykje vassføring på uvante stader.

Knut