9-runden
Forfatter: Knut Gramstad
11. september 2022
Rapport frå dei to første helgane i september
3. og 4. september var det perfekt ver for sykling. Laurdag 3. var Espen, Egil V., Knut L., Kjell Anders og Knut G. rundt øya. Søndag var Jostein, Per Magne og Knut ein litt kortare tur. Espen møtte opp, men fekk tekniske problem.
10. og 11. september var det like fint ver, og turane gjekk fort med Espen, Gjermund, Grant, Per Magne, Terje, Kjell Anders, Kjell og Knut (laurdag) og Grant, Harald Å, Dag, Ove, Espen, Frode, Hallgeir, Kjell Anders, Torleif og Knut (søndag).
Turane har gått mykje raskare enn 2 1/2 time +- 10 minutt. Det har likevel vore greit å følgja, då farten har vore jamn og det har vore lite vind og turr vegbane. Me går nå inn i ei tid med dårlegare ver, og farten blir nok tilpassa dette utover hausten.
Knut