[email protected]


Logo
Bli medlem
Bli medlem!

Siste 9-rundane i februar

Forfatter: Knut Gramstad

02. mars 2021

Forside
News article image

Laurdag 27. februar var ein fin dag, litt regn i starten, men litt sol etterkvart. Espen, Knut L., Harald E., Dag, Grant, Per Magne, Harald Å. og Knut G. heldt bra fart og det blei ei roleg og fin trening.

Søndag 28. var Dag, Espen, Frode, Jostein, Knut L., Per Magne, Roald og Knut G. på tur rundt øya. Veret var bra, og farten var berre litt høgare enn idealtida (2 1/2 time +- 10 minutt), og humøret var bra.

Begge dagane var det nokon som plussa på med ein ekstra runde. Espen sykla to rundar begge dagane!

Det var ei fin helg for sykling. Det hadde vore perfekt dersom alle hadde investert i bakskjerm (med skvettlapp). Det er problematisk å sykla bak skjermørane når vegbana er våt og salta. Me blir nedkjølt av den kalde spruten, og brillene blir vanskelege å sjå gjennom.

Knut