[email protected]


Logo
Bli medlem
Bli medlem!

Kort oppsummering/ referat frå årsmøtet i Stord Sykleklubb 2022.

Forfatter: Dag Foseid

20. mars 2023

Sykkel
Forside
News article image

12 medlemer i Stord SK var samla på Peppes Pizza fredag 17. februar 2023, til eit forseinka og noko amputert årsmøte for 2022. Det var ikkje laga til sakliste og gjort andre førebuingar til møtet, bortsett frå kasserar sin gjennomgang av klubbens økonomi.

Den siste tida har klubben vore nede for teljing, og det har lenge vore kjend at leiar, saman med dei fleste andre i styret, ville trekke seg. Berre kasserar har sagt seg villig til å halde fram.

Utviklinga dei siste åra, har ført til at aktiviteten i klubben gradvis har vorte mindre. Særskilt auka utfordringar rundt det å arrangere dei lokale ritta har bidrege til dette. Av ulike årsaker har interessa for organisert sykling på breiddenivå generelt, både lokalt og nasjonalt, minka dei siste åra.

Valnemnda hadde til møtet ingen kandidatar til å ta over verv i styret, og for at ein ikkje skal stå utan nokon til å drifte klubben vidare, vart det oppnemnd eit interimsstyre (midlertidig styre) fram til nytt styre vert vald under komande årsmøte hausten 2023. Desse er:

- Dag Foseid, Leiar
- Stein Helge Simonsen, Kasserar
- Per Magne Vik
- Lennart Nes
- Jan Istvan Vørøs
- Frode Valen
- Torleif Solli

Nokre sentrale vedtak og avgjersler som vart gjort av årsmøtet 2022:

  • Dei lokale ritta vert ikkje arrangert i 2023.
  • Det vert ikkje kjøpt inn nye klubbdrakter i 2023.
  • Medlemskontingenten vert uendra: Kr. 400,- / kr. 600,- for familiar.
  • Interimsstyret har alle fullmakter på vegne av klubben fram til nytt årsmøte 2023.

Stord SK vert 40 år i løpet av 2023, og dersom interessa er stor nok vil ein freiste å leggje opp til ein jubileumsfest til hausten. Då kanskje i samband med årsmøtet. Ansvar for førebuingane til dette tek interimsstyret.

Stord 17.02.23,
på vegne av årsmøtet 2022,
Dag Foseid
Leiar for interimsstyret.