Bli medlem!
Rapport frå fellessykling i pinstihelga
Forfatter: Knut Gramstad
03. juni 2020
Forside
Det blei to fine turar laurdag 30. og søndag 31. mai. Praten gjekk og trafikken var grei begge dagane.
Laurdagen var Roald, Even, Espen, Kjell, Knut L., og Knut G. rundt øya i fint driv. Sjølv om farten var noko høgare enn idealtida (2 1/2 time +- 10 minutt) var det ingen klager. Storavatnet i Fitjar låg blank som eit speil, og eg har fått fine bilde på tekstmelding, men klarer ikkje å overføra dei.
Det var litt meir vind på søndagen, men elles det same fine veret. Espen, Jostein, Jan Magne på vitjing frå Arna, og Knut hadde ein roleg, fin tur, kanskje utanom Jostein som berre kunne gira med framgiren.
Knut