[email protected]


Logo
Bli medlem
Bli medlem!

9-runden 17. og 18. april

Forfatter: Knut Gramstad

18. april 2021

Forside
News article image

Ei bra helg for sykling. Flott ver og grei trafikk.

Espen, Remi, Dag, Kjell Anders, John Henry og Knut drog ut laurdag 17. april kl. 9, og turen gjekk jamnt og relativt roleg fram til Raunholm. Då ville Dag, Espen og Kjell Anders ha meir fart, og reiste frå John Henry og Knut, som heller ville ha ei roleg trening. Remi blei med Dag & Co, men slo etter ei stund følgje med grupettoen.

Søndag var feltet samla, og Espen, Jostein, Nils Arne, Connie, John Henry, Remi, Roald og Knut hadde ein fin tur. Ein girvaier rauk i på slutten av runden.

Våren har etterkvart fått taket, og det er like før gjengen kjem i kort-kort. Vintersykkelen må stellast etter ein vinter med salt og regn, eller må setjast bort for sommaren og erstattast av sommarsykkelen. Det er mykje å gleda seg til for oss syklistar, til dømes at vegvesenet kostar sykkelvegen til Bømlo!

Knut