[email protected]


Logo
Bli medlem
Bli medlem!

Rapport frå 9-runden 7. og 8. november

Forfatter: Knut Gramstad

09. november 2020

Forside
News article image

Fellestiltak som turane rundt Stord under koronaepidemien er kanskje omstridt, særleg etter den siste innstraminga. Det var uansett nokre syklistar som møttest på Esso kl. 09 laurdag og søndag, og det var semje om at dette ikkje kan reknast som ulovlege organiserte treningar. Det er viktig å koma seg ut i desse dagane, og sykling i frisk luft er bra for oss.

Det meinte i alle fall Dag, Kjell Anders, Roald og Knut på laurdag og Dag, Jostein. Vidar L. og Knut på søndag. Søndag var det ei punktering og ein fitjarbu som fekk tekniske problem før han kom i gang, men elles gjekk turen som vanleg begge dagane. Særleg søndag var ein fin dag for sykling.

Så lenge Høye ikkje har gitt oss forbod, held turane fram. Alle som kan vera med på ein tur rundt Stord på omlag 2 1/2 time er velkomne!

Knut