[email protected]


Logo
Bli medlem
Bli medlem!

Haugesund - Sauda 2024

Forfatter: Knut Gramstad

26. mai 2024

Forside
News article image

Ein liten rapport om eit vellukka ritt.

Det er ikkje mange sykkelritt for tida. Det er vanskeleg å få til på grunn av alle reglane for arrangørklubbane. Men Sauda sk fekk det til i år!

Stord sk organiserte busstur, og me reiste i lag med Bømlo sykkelklubb ob Sunnhordland sykkelklubb. Ein triveleg tur til Haugesund om morgonen og frå Sauda om ettermiddagen. Fleire tok også turen på eigen hand.

Starten gjekk i fleire puljer. Trimgruppa starta kl. 10, med mange frå Team Rynkeby. Det var så tre puljer der den raskaste gjekk først. Fleire opplysingar finn du på

https://saudask.no/haugesund-sauda/

Rittet gjekk, så vidt eg veit, utan problem eller større skader. Veret var perfekt og biltrafikken var grei.

258 ryttarar fullførte rittet, og me kom fram til sol og Sauda-dagane. Innkomsten går gjennom hovudgata, med mykje folk og stor jubel, og løna er medalje og eit flott kakebord.

Våre ryttarar var alle nøgde med å koma i mål, men tida kunne nok ha vore betre for mange av oss! Tidene frå rittet finn du på

https://live.eqtiming.com/69692#result:267286-0-1271010-1-3-

Men me får kanskje høve til å få betre tid til neste år?

Knut