[email protected]


Logo
Bli medlem
Bli medlem!

Siste 9-rundane i mai

Forfatter: Knut Gramstad

01. juni 2021

Forside
News article image

Det blei sommar i år òg.

Laurdag 29. mai var Knut L., Espen, Fredrik, Remi, Svein Tore, Gunnar, Pål, Egil V., Even, John Henry og Knut G. på tur rundt Stord. Det var sol og vindstilt, men framleis litt kaldt. Me hadde gjester frå Bømlo som rapporterte om tjukk skodde i vest, men denne kom ikkje til Stord i løpet av føremiddagen. Turen gjekk radig, men farten var jamn og fin.

Skodda kom derimot til Stord på søndagen, men sola kom fram etter ei tid. Espen, Knut L., Jostein, John Henry, Remi, Torgeir, Nils Arne, Kjell Arne, Hallgeir, Roald og Knut G. blei samde om ein kosetur då me starta på Esso kl. 9. Dette blei brått endra då det dukka opp ein ukjend fitjarbu (Torleif?) etter Jektevik. Då rykka Espen og Torgeir frå feltet, og blei borte i lag med fitjarbuen. Resten av flokken hadde ein fin tur i det fine veret.

Det er dårleg med sykkelritt for tida, men dette treng ikkje ta frå oss gleda med å trena. Klubben har diverse virtuelle ritt for dei som har Strava e.l., og det er lurt å halda seg i form i ein mellomsesong. Turen rundt Stord er også ei god naturoppleving med mykje frisk luft. Det er også greit med litt sosial kontakt i pandemitida. Alle med litt trening er velkomne til å vera med.

Knut