9-runden 20. og 21. februar
Forfatter: Knut Gramstad
22. februar 2021
Laurdag 20. var rapportskrivaren på nytt åleine på Esso kl. 9. Veret var ufyseleg, med vind og surt regn, men turen langs Langenuen var flott, med store elvar der det til vanleg er små bekkar. Turen gjekk fredeleg og roleg fram til sagbruket i Vik (Fitjar). Då passerte Grant og Freddy i stor fart, og Espen kom like etter. Espen blei med rapportskrivaren, og me hadde ein fin tur heim.
Søndag 21. møtte Dag, Frode, Espen og Knut på Esso kl. 9. På turen nordover blei Per Magne, Roald og Vidar L. med. Det blei noko rykking og drag etter Sandvikvåg (kalveslepp om våren?), men elles var det tid til prat om mange viktige ting. Det er ikkje for mykje sosial kontakt for tida, og desse fellesturane er svært koronasikre. Me hadde fint ver heile turen.
Knut