ÅRSMØTE I STORD SYKLEKLUBB 19. FEBRUAR 2026
Forfatter: Stord sykleklubb
24. februar 2026
ÅRSMØTE I STORD SYKLEKLUBB 19. FEBRUAR 2026
Stord sykleklubb har avvikla årsmøte. Nytt styre er på plass!
REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I STORD SYKLEKLUBB 19. FEBRUAR 2026
12 medlemer møtte i Wärtsilä sine lokale i Grunnavågen.
Jan Istvan Vørøs opna møtet.
1. Jan Istvan blei valt til ordstyrar. Harald Årvik blei valt til å
underskriva årsmøtereferatet.
2. Innkalling og sakliste blei godkjent.
3. Det har ikkje kome forslag til årsmøtevedtak.
4. Årsmelding og revidert rekneskap for 2025 blei lagt fram og
godkjent.
5. Val: Valnemnda la fram følgjande forslag til nytt styre:
Harald Årvik, Dag Foseid, Per Magne Vik og Frode Valen.
Dei blei valt ved akklamasjon.
Det nye styret konstituerer seg sjølv.
6. Det blei semje om eit felles styremøte onsdag 19. mars 2026 i
Wärtsilä sine lokale.
Referat godkjend av:
Harald Årvik og Knut Gramstad
ÅRSMELDING FOR STORD SYKLEKLUBB 2025
Det siste årsmøtet klubben blei halde 20. februar 2025 i Wärtsila sine lokale i
Grunnavågen.
1. Styret i klubben:
Styret i 2025 har vore Jan Istvan Vørøs (leiar), Stein Simonsen(kasserar), Knut
Gramstad(skrivar) og Lennart Nes (styremedlem). Per Magne Vik og Frode Valen
har vore valnemnd og Per Magne Vik revisor.
2. Aktivitetar i året:
Det har vore 5 styremøte og eitt medlemsmøte i perioden. Medlemsmøtet handla
om samanslåing av Stord sk og Sunnhordland sk. Me har ikkje hatt lokale ritt i
2025. Fellesturane i helgane, 9-runden, har gått jamt heile året med vekslande
oppmøte.
Klubben leigde buss til sykkelrittet Haugesund-Sauda for ryttarar i distriktet, og 5
ryttarar starta for klubben. 6 stilte for klubben på Bergen-Voss, og 2 var med på
Birkebeiner-rittet. Det har også vore medlemer med på andre ritt.
Klubben eig ein del utstyr for sykkelritt, og økonomien er tilfredsstillande.
Klubben har ei sti-gruppe. Styret har hatt lite kontakt med gruppa i år.
3. Samanslåing av klubbane i distriktet:
Det har ikkje blitt noko av samanslåinga mellom Sunnhordland sk og Stord sk.
Knut Gramstad (skrivar)