[email protected]


Logo
Bli medlem
Bli medlem!

Sykkelbane i Trodlahaugane

Forfatter: Jan Istvan Vørøs

14. januar 2021

Forside
News article image

Stord SK har overteke sykkelbanen i Trodlahaugane.

Sykkelbanen i Trodlahaugen var ein gong ein stad der fleire minnes fleire timar på sykkel. Ein gong på 90-talet opna Kjell Stordelid banen. Å sånn eg har blitt fortalt har den frå seint 90-talet vore gjengrodd. Dei siste åra har det vore nytta til å dumpe hageavfall og nokre ymse aktivitet av tvilsam art.

I samband med at me har overteke sykkelbanen, har me søkt Haugaland Kraft om tilskudd for å rehabilitere banen. Banen vil vere ein open sykkelbane, og ein ser at det kan passe frå dei yngste syklistane til dei med mykje energi som må ut.

Plan for å rehabilitering er:

Rydding, kvisting og noko småhogst.

Legge nytt dekke med grus.

Lage ei sittegruppe.

Me frir til lokale entreprenører om hjelp til grus, treng cirka 15 lass. Ta gjerne kontakt på 97100655 med ein sms eller prat.

Etterkvart vil ein sette pris på om nokon nyttar energi og kreftar med å kjøre ut grus i banen og snekring av sittegruppe.

Custom image