Bli medlem!
9-runden i palmehelga
Forfatter: Knut Gramstad
30. mars 2021
Forside
Laurdag 27. mars var ein fin dag for sykling. Dag, Espen, Kjell Anders, Grant og Knut drog frå Esso kl. 9. Roald, Torleif og Stein møtte oss på vegen til Sandvikvåg og blei med. Turen gjekk jamnt og fint, fram til Sagvåg, der ein (framleis) ung og lovande temposyklist frå Fitjar måtte ha eit tempodrag. Også denne dagen forlenga fleire av oss turen.
Søndagsturen var sur og våt for Frode, Jostein og Knut, men runden gjekk jamnt og godt, og humøret var bra.
Me prøver på ny sykkelhelg den 3. og 4. april, sjølv om det er høgtid.
God påske!
Knut