Bli medlem!
Er ikkje 09-runden roleg trening lenger? Rapport frå turane 12. og 13. juni.
Forfatter: Knut Gramstad
16. juni 2021
Forside
Laurdag 12. sykla Grant, Espen og Knut rundt Stord i overraskande bra ver. Jamn og roleg tur.
Turen rundt øya søndag 13. gjekk mykje i "nei og fy"-sona for mange av oss. (Nei og fy-sona er halvhard sykling, korkje roleg eller hardt). Espen, Remi, Dag, Grethe, Sven, Torbjørn, Kjell Arne, Sindre, Jostein, Roger N., Knut L, Grant, Fredrik og Knut G. var med på turen i fint ver. Det blei ei punktering, og to andre blei fråkøyrd då farten var for stor. Rapportskrivaren oppmodar til jamnare og rolegare turar, men det er vanskeleg å få alle med på dette.
Me prøver igjen til helga!
Knut