Bli medlem!
Rapport frå fellestrening torsdag 13. og laurdag og søndag 15. og 16. mai
Forfatter: Knut Gramstad
16. mai 2021
Forside
Kristi himmelfartsdag møtte Espen, Jostein, Knut L., Kjell, Harald og Knut G. meir eller mindre tilfeldig på Esso kl. 9. Espen, Knut L. og Jostein sykla til Langevåg medan dei andre tok den vanlege runden rundt øya. Det var kjekt å ha med Kjell etter langt fråver, og turen rundt Stord gjekk roleg og kontrollert i godveret.
Laurdag drog Espen, Knut L., Kjell Anders og Knut G. rundt øya. Me traff på Harald E., Grethe og Gisle på vegen, og dei blei med til Rydland. Veret var bra trass i usikker vermelding.
Vermeldinga var også usikker til søndag, og det slo til med regn og yr. Jostein, Stian, Harald E. og Knut hadde likevel ei fin og roleg økt, og me angra ikkje på turen.
Knut