9-runden 20. og 21. mars
Forfatter: Knut Gramstad
21. mars 2021
Laurdag hadde Espen, Kjell Anders og Knut ein roleg tur. Veret var vått og kaldt, typisk mars!
Søndag var Knut L., Jostein, Dag, Grant, Espen og Knut G. rundt øya, dei fleste hadde to rundar. Det gjekk fint i motvinden til Sandvikvåg den første runden, men det blei mykje rykking og tempodrag mot Sagvåg. Det er lett å gløyma at dette er roleg trening! Knut G. blei fråkøyrt på Rydland. Det var elles mykje folk på sykkelen denne fine vårdagen.
Sykleklubben bør kanskje diskutera om ein skal halda fram med rolege 9-rundar, eller om det er ønskjeleg med hardare turar. Det er nå blitt slik at den eller dei som ønskjer høgare fart, bestemmer farten til dei andre. Kanskje kan fartsløvene finna andre tider å trena på?
Knut