Rapport frå fellestreningar 24. og 25. oktober
Forfatter: Knut Gramstad
26. oktober 2020
Hausten er komen, og Kjell Anders, Mareno, Dag, Harald E., Roald, Harald Å. og Knut nytta den fine (og siste) laurdagen i oktober til ein tur rundt Stord. Så langt har hausten vore fin for sykling, og det held seg sikkert fram til jul.
Søndag var vermeldinga usikker, det var meldt både storm og regn. Det viste seg at veret var bra, og Frode, Jostein, Dag, Vidar L. og Knut var svært nøgde med turen. Me hadde også med oss ein fitjarsyklist ei lita stund - det er alltid kjekt med nyrekruttering.
Tida er nå inne for å montera lys og skjerm, og vinterkleda må takast ned frå loftet.
Så lenge regjeringa ikkje har sagt at me må sykla åleine, held me fram med helgesyklinga utover hausten og vinteren.
Knut