Bli medlem!
Rapport frå fellessykling 11. og 12. juli
Forfatter: Knut Gramstad
12. juli 2020
Forside
Hausten kom tidleg i år.
Laurdag 11. var det surt og kaldt, men Espen, Knut L. og Knut G. sykla rundt øya i fint driv. Humøret var bra, trass i nokre kraftige regn- og haglbyger.
Søndag 12. var veret litt betre, men framleis hausttemperatur. Espen, Jostein, Roald og Knut hadde ein roleg tur. Dagens slagord: ikkje gløym hjelmen!
Sjølv om fleire av oss nå drar på ferie, er det ikkje stopp i fellestreninga frå Esso på Leirvik laurdag og søndag kl. 9, og alle er velkomne. Turen skal vera roleg; 2 1/2 time +- 20 minutt. Ein bør nok ha trent noko før ein blir med.
Knut