Bli medlem!
Fellessykling julen 2018
Forfatter: Jan Istvan Vørøs
09. januar 2019
Forside
Den tradisjonelle førstedagsturen gjekk frå Esso kl. 10, og John Henry, Jostein, Harald E., Roald, Espen og Knut hadde ein fin tur med bra ver og mest ikkje trafikk på E-39.
2. juledag var Espen, Kjell, John Henry, Roald, Jostein, Per Magne og Knut ute i kaldt, surt ver. Det blei noko ujamn sykling, nokre av oss hadde nok for mykje energi etter all julematen.
Laurdag 29. desember var det tilbake til vanleg starttid, kl. 9, og Ole Christian, Nils Arne, Roald, Harald E., Espen og Knut brende av litt juleflesk i bra ver, stilt og opphald, men våt, salta vegbane.
Knut