[email protected]


Logo
Bli medlem
Bli medlem!

9-runden 23. og 24. april

Forfatter: Knut Gramstad

25. april 2022

Forside
News article image

Så blei det ei fin helg for 9-runden att. Laurdag og søndag var veret fint, og mange ivrige syklistar tok turen rundt Stord.

Laurdag 23. sykla Remi, Espen, Egil V., Grant, John Henry, Idar og Knut runden. I tillegg var Håkon på Esso kl. 9 og var med eit stykke. Ei punktering ved Jektevik seinka farten noko, men elles gjekk det fort.

Det blei også ei punktering ved Sandvikvåg på søndag, og Conni demonstrerte eit effektivt slangeskifte! Espen, Roald, Jostein, Knut L., Hallgeir, Conni, Remi og Knut G. var med på turen. Det gjekk like fort som på laurdag, så det ser ut til at det er mindre interesse for den rolege turen. Dei fleste er samde i at det bør gå jamnt og roleg, mellom 2:20 og 2:40 men det er vanskeleg å få dette til i praksis.

Knut