Bli medlem!
Utesykling i haust og vinter
Forfatter: Knut Gramstad
26. oktober 2021
Forside
Det er viktig å halda på formen fram til neste sesong. (Det kan bli normale forhold i 2022!) Dette gjer me effektivt med innesykling på rulle, men sykling ute er heller ikkje å forakta.
Det blir helgesykling laurdag og søndag frå Esso kl. 9 for alle. Utgangspunktet er roleg tur, men dei som ønskjer høgare fart er sjølvsagt også velkomne, det går an å dela gruppa. Det er varierande tal på ryttarar, og ofte kjem det ryttarar til på vegen.
Helga 23. og 24. oktober var Jostein, Vidar L., Kjell Anders og Knut på vegen og hadde fine turar i brukbart ver.
Knut