[email protected]


Logo
Bli medlem
Bli medlem!

Bergen - Voss 2024

Forfatter: Knut Gramstad

04. juni 2024

Forside
News article image

Ein flott tur for fleire stordabuar

Grzegorz, Martin, Ralf, Knut og familien Jonny (Jonny, Torhild og Tor) stilte til start tidleg laurdag morgon ved Grieghallen, alle med Stord sk -drakta.

Martin, Ralf og Knut sykla i lag, og me starta i ei pulje som gjekk roleg til Nesttun. Gruppa delte seg, og det blei meir fart innover Hardangervegen. Den første langbakken frå Trengereid, gjekk fint, men feltet blei delt i mange små puljer. Nedover frå Gullbotn gjekk det svært fort, men kontrollert. Neste langbakke var opp til Kvamskogen, og denne gjekk også fint. Tida blir stoppa før nedkøyring i Tokagjelet, og startar att etter matstasjonen i Nordheimssund.

Det blei ein lang og god pause på matstasjonen med kaffi og vaffel, og der kom også Lars og Per Steinar. Me 5 sykla i ei grei pulje vidare langs fjorden i jamn fart. Strekninga fram til Granvin er arbeidssam, mykje opp og ned.

Etter ei stund blei Ralf og Knut med i ei lita gruppe, og bakken i Skjervet blei forsert ein og ein. På flatane mot mål blei Ralf, Knut og ei lita gruppe samla, og gjekk inn til Voss i fint driv. Der blei me tatt i mot av colaboks og mykje folk. Cornelia møtte oss og og Martin, Per Steinar og Lars kom inn etter kvart.

Knut