Fellessykling veke 37
Forfatter: Jan Istvan Vørøs
19. september 2018
Tysdag og torsdag klokka 19.00 frå gamle bossplassen på Valvatna på MTB. Laurdag og søndag klokka 09.00 frå gamle Essoen på landevei.
Tysdag 11.september
Vanleg rute frå Valvatne mot Økland / Vad, gjennom Parken, Ås, Ådlandsvatnet før heimturen gjekk forbi Valvatnegardane, Stua og inn i Landåsen. Eventyrskogen vart passert før utgang ved Valvatne. Vèret var innom opphold til styrtregn. Nils Arne, Anders, Ole Christian og Jostein A var med dei cirka 30 km.
Torsdag 13.september
I kjent terreng frå Valvatne mot Økland / Vad og forbi Vatnagardane og ut ved Møllebrua og heim gjennom Lervik / Heiane. Regnet viste seg idag og, hadde til og med flott solnedgang på turen forbi Ådlandsvatnet. Per Harald, Geir, Jostein H og meg Jostein var med.Dagens tur ca 35 km.
REF. Jostein Almås
Lørdag 15. september
Kattnakken Opp - sjå rittrapport
Søndag 16. september
Det som skulle vera restitusjon, blei ei hardare og meir uroleg trening enn den tradisjonelle rolege turen. Espen, Harald E., Roald, Åsmund, Jostein, Alexander, Knut og Knut hadde ein skikkeleg hausttur med surt og kaldt ver. Det er uansett godt å koma ut og herda seg før vinteren.
REF: Knut Gramstad