[email protected]


Logo
Bli medlem
Bli medlem!

9-runden 21. og 22. juni. Byte av nettleverandør

Forfatter: Knut Gramstad

23. juni 2025

Sykkel
Forside
News article image

Det blir skifte av nettleverandør i juli, følg med, følg med!
Det er framleis liv i den rolege fellestreninga i helga - ein liten rapport frå helga som var.

Laurdag var veret på vår side! Espen, Grant, Geir Inge og Knut hadde ein tur i jamt driv med Grant og Espen i front. Geir Inge og Espen rapporterte om lite sykling i det siste, men begge imponerte med god sykling. Heldigvis er det lagt ny asfalt før Sandvikvåg, der det var oppkverna førre helga.

Søndag melde dei småregn, og slik blei det. Det var likevel periodar med tørr asfalt og opphaldsver for Martin og Knut som var svært nøgde med turen då me kom tilbake til Leirvik.

Klokka blir 9 kvar laurdag og søndag heile sommaren, så det er ikkje dumt å ta ein tur til Esso for å treffa andre syklistar som vil på tur!

God sommar!


Knut