[email protected]


Logo
Bli medlem
Bli medlem!

Godt nytt år!

Forfatter: Jan Istvan Vørøs

04. januar 2021

Forside
News article image

Då er me kome til 2021, og Stord Sykleklubb ønskjer alle eit riktig godt nytt sykkelår.
2020 har vore eit annerleis år, og me vonar at nytt år er meir "normalt".

I løpet av dei næraste dagane vert medlemskontingent for 2021 sendt ut. Medlemsavgiften er 400 kr for enkeltmedlemsskap og 600 kr for familiemedlemsskap.

Årsmøtet er planlagt til fredag 5. februar på Den Blå Time, klokka 19.30. Her vert det servert pizza. Årsmøte-invitasjon og sakspapir vert lagt ut på heimesida og kunngjort i sosiale media.

I år har styret gjort eit vedtak på å gjere rittleiar og EQTiming ansvaret til ei fast oppgåve som ligg til eit verv / stilling. Vaktplanen for dei andre vaktane (løypevaktar og stasjonære vaktar) vert då betydeleg mindre og her vert det knytta eit vaktlotteri med gode sykkelrelaterte premier.

Styret har i november/desember arbeida med ein ny leverandør av teamtøy. Etter ein grundig vurdering vel med å takka nei til vidare samarbeid med Kalas, og har no takka ja til Racingdepot. Det betyr at nytt teamtøy-merket er Santinini. Design er ikkje 100% ferdigstilt, og me ventar på godkjent design. På årsmøtet vil me legge opp til eit "show-room" for at medlemmar kan sjå kvalitet, storleik og design av teamtøy.

Det arbeides med nokre ulike prosjekt som kan gjere det meir attraktivt å vere syklist i Sunnhordland. Her vel ein ikkje å utdype, men meir informasjon kjem etterkvart.

Vonar om eit godt nytt for alle syklande!

- Styret-