Bli medlem!
Fellessykling 4. og 5. juli
Forfatter: Knut Gramstad
06. juli 2020
Forside
Laurdag 4. juli var ein fin dag for sykling. Me var 11 ryttarar, Simen (frå Bergen, Oslo og Aga), Per Magne, John Henry, Torgeir, Dag, Espen, Knut L., Harald Å, Knut G. og to til, og me hadde ein rask tur. Det gjekk fort, under minimumstida for ein roleg runde, men ingen protesterte, og stemninga var god.
Veret var heilt annleis søndag 5. Surt regnver kunne minna om hausten (som kjem før me anar). Likevel var Espen, Jostein, Frode, Knut L., Sigrid, Maria og Knut G. på tur rundt øya, Knut L. med eit reint damelag frå Oslo! På slike turar trøystar me oss med at me hadde det mykje verre i vinter.
Knut