Ingen frå Stord SK sykla Master NM, men Remi var der!
Forfatter: Dag Foseid
27. juni 2023
For fyrste gang på omlag 30 år, var det ingen Stord SK-syklistar som tok del under Master NM. Men klubben var likevel representert!
Tradisjonelt har mastersyklinga stått sterkt i Stord Sykleklubb. I alle år har det vore fleire deltakarar frå klubben med under Master NM, og mange meisterskapsmedaljar er opp igjennom åra henta heim av Stord SK-syklistar. Går me rundt 15 år attende i tid, var faktisk Stord SK ein av klubbane med flest deltakarar. Slik er det diverre ikkje lenger. Aktiviteten i klubben er no på det lågaste sidan den vart etablert for snart 40 år sidan. Her må det gjerast noko!
Årets Master NM, som vart arrangert av Ullensaker CK sist helg, samla over 300 syklistar frå heile landet, men altså ingen frå Stord. Rett nok var Torleif Solli påmeld, både tempo laurdag og fellesstart sundag, men han var uheldig og velta hardt under Nordsjørittet for eit par veker sidan, og sit heime med eit nyoperert kragebein. God betring til han!
Hildegunn Solli var påmeld temporittet, men heller ikkje ho tok del. Her skal leggjast til at Hildegunn no har fått wildcard til tempoen under Master VM i Glasgow i august, og difor kan køyre begge distansar der, etter at ho tidlegare vart kvalifisert til fellesstarten gjennom klassesigeren under Gran Fondo Cambridgeshire.
Sjølv om ingen sykla ritta for klubben, var likevel Stord SK representert, i og med at Remi Andre Sortland var NCF-kommissær (dommar) begge dagar.