Bli medlem!
Fellestrening veke 46
Forfatter: Jan Istvan Vørøs
21. november 2018
Forside
No er hausten på hell og vintaren kjem nærare. På tross av synkande tempraturar er nokre ivrige syklistar i aktivitet.
Laurdag var ein flott dag for sykkeltur. Roald, Egil, Truls, Nils, Alexander K., Per Magne, Vidar L. (frå Jektevik) og Knut hadde ein fin tur.
Søndag var Espen, Jostein, Egil, Alexander K., Sindre, Rune, Halvard, Roald, Ole Christian frå Sagvåg, og Knut rundt øya i like fint ver. Skodda på morgonen var ikkje i vegen, og det blei sol då me kom til Sagvåg (der er det alltid sol, seier nokon). Ein av oss fekk problem med bakgiret, men han sat fint i lag med gjengen. Det blei både styrketråkk og snøggtråkk, så treningseffekten blei dobbel.
REF: Knut