Kva skjer i klubben?
Forfatter: Knut Gramstad
25. april 2024
Det er nye tider for Stord sk,.Det er stifta ein ny klubb for sykling på Stord, og det har blitt vanskeleg å arrangera våre lokale ritt.
MELDING FRÅ STYRET OM ARBEIDET FRAMOVER.
Som mange kjenner til, har samanslåing av sykleklubbane Bømlo sk og Stord sk stranda, og det er stifta ein ny klubb, Sunnhordland sykkelklubb. Stord sk held fram, og me vil framleis ha treningane frå Esso på Leirvik laurdag og søndag kl. 9 (9-runden), og Josteinrunden tysdag og torsdag kl. 18.00 held fram som før. Klubben organiserer også lisensar for aktive ryttarar (for master- og tursyklistar).
Styret har ikkje planar om sykkelritt i 2024. «Kattnakken opp» er likevel ikkje heilt gitt opp. Det er krav om vakter ved terminfesta ritt, og me har ikkje autoriserte vakter i klubben nå. Det er heller ikkje planar om gruppeinnkjøp/sponsing av klubbdrakter.
Som de forstår, er det lite aktivitet for tida. Styret meiner likevel at det kan vera ei framtid i organisering av terreng- og stisykling, og at vilkåra for landevegssykling kan bli betre. Klubben vil ha ryttarar i ein del terrengsykkelritt (til dømes Birken og Norsjørittet) og turritt (til dømes Haugesund – Sauda og Bergen - Voss).
Me er også opne for samarbeid med dei andre klubbane i distriktet, til dømes med felles reiser m.m..