Bergen - Voss 31. mai 2025
Forfatter: Stord sykleklubb
02. juni 2025
Det blir framleis laga til turritt for oss!
Det var sprikande vermeldingar før rittdagen, men det var flotte forhold heile dagen.
Me hadde ikkje eit Stord -felt i år, men Dag, Freddy, Martin, Jonny og Knut starta for klubben i ulike puljer. Av våre gamle medlemer, sykla Nikola, Grzegorz og Lars også godt.
Dag var raskast med ei flott tid, og blei nr. 2 i sin klasse. Elles er resultata på bergenvoss.no.
Rittet er organisert med mange grupper ut frå ambisjonane til deltakarane. Me kan dermed bli med i ei gruppe som høver for oss. Dersom me kjem inn i ei høveleg gruppe, går det lettare og fortare en om me syklar kvar for oss.
Trafikken går fint saman med rittet, og "farlege" situasjonar er godt sikra.
Dette er eit godt mål for oss som treng motivasjon for å trena ein lang vinter!
Knut