[email protected]


Logo
Bli medlem
Bli medlem!

Stord SK angåande CORONA

Forfatter: Jan Istvan Vørøs

13. mars 2020

Forside
News article image

Verda er no inne i ein periode som krevar unormale handlingar. Stord SK er som resten av samfunnet Noreg med på dugnaden om å redusera og forhindra spreiing av smitte av viruset corona.

Me oppmodar difor alle medlemmar av sykleklubben om å drive god forebyggande hygiene og sjølv vurdere gode tiltakt for å forhindra vidare spreiing av smitte.

Vidare vil utbrotet ha konsekvensar for planlagte aktivitetar og ritt i vårsesongen. NCF har no kome med nokre retningsliner for aktive ritt i april, som blir avlyst.

På bakgrunn av dette vil Stord SK:

- Avlyse stasjonær opplæring av sykkelvaktar 24. mars.

- Utsette opplæring av rittleiarar og EQTiming.

- Avlyse alle lokale ritt i april måned.

- Me fryser påmelding til Stord Rundt til 26. mars, da Stord Rundt endeleg avgjersle vil bli fatta.

- Trening i regi av klubben er fram til 26. mars avlyst, all trening er dermed eit privat initiativ.

Om FHI / NCF kjem med oppdaterte retningsliner må me kome tilbake til desse.

Mvh,

Styret