Klubbtøy Stord sykleklubb 2026 - Nettbutikk
Forfatter: Stord sykleklubb
05. mai 2026
No er det mogeleg for alle våre medlemmer å bestille klubbtøy til svært god pris!
Våre medlemmer får halv pris av veil. pris på kvalitetsprodukt frå Kalas.
Alle som har betalt medlemskontingenten for 2026 har fått eigen e-post med lenke til nettbutikken, samt eigen rabattkode.
Frist for bestilling er 17.05.26. Så det er ingen grunn til å vente!
Dersom nokon som har betalt kontingenten i år ikkje har fått e-posten, send ei melding til klubben på e-post: [email protected]
Dersom nokon av ulike grunnar ikkje har fått betalt medlemskontingenten, så er det ikkje for seint. Så snart dette er ordna, vil ein få informasjon på e-post om korleis ein kan handle i nettbutikken.
Etter ynskje frå svært mange, går me attende til det "gamle" designet, som både er meir unikt og gjenkjennbart, i tilleg til meir trafikksikkert (sjå bilete under).
Me vonar så mange som mogeleg vil nytte seg av tilbodet om å handle tøy i våre klubbfargar!