Fellestrening veke 48
Forfatter: Jan Istvan Vørøs
07. desember 2018
Me må ikkje gløyma at ein tur rundt øya i desember gjer oss betre når sesongen startar i april!
Tysdag 27. november: Turen ikveld starta med kjedebrudd på Valvatne, før turen gjekk i vanleg rute over Fjellgardane, videre forbi HSH, opp Øklandslio for så gjennom Lervik og Heiane. Fredrik, Gjermund, Nils Arne, Knut, Stian N og meg Jostein var med i flott sykkel vær i kveld.
Torsdag 29. november: Vanleg rute i kveld . Frå Valvatne mot Fjellgardane og ned over Rommetveit-land . Heimover gjennom Lervik og Heiane. Turen føltes som om at våren var i annmars med seig grusveg-kjøring oppover Økland og med regn og motvind kjente eg turen godt . Kjekt at Kjell var tilbake der også Fredrik, Gjermund, Knut, Nils Arne, Stian N, Jostein H og meg Jostein var med.
REF: Jostein
Laurdag 1. desember sykla Espen, Frode, Kjell og Knut frå Esso kl. 09. Rapportskrivaren punkterte, og måtte tilkalla hjelp. Han fekk likevel luft i hjulet, og sykla rundt saman med Truls som var seint ute. Det blei kaldt, men juletrafikken var ikkje på sitt verste, og turen var fin.
Søndag 2 desember drog Espen, Jostein, Roald, Harald E. og Knut rundt øya. Det var opphaldsver, mildt og noko vind, men me hadde ein triveleg tur.
REF: Knut