9-runden 18. og 19. mars
Forfatter: Knut Gramstad
20. mars 2023
Roleg langtur er ei viktig treningsform
Laurdag drog Dag, Espen og Knut frå Esso kl. 9. Kjell Anders blei med frå Samhald, og turen gjekk til Jektevik der feltet delte seg. Knut danna gruppetto etter at hovudfeltet rykka i bakken og ut på flata. Bra ver.
Søndag var Knut åleine på Esso kl. 9. Roger N. var med ei kort stund i Fitjar, og Alexander H. var med frå Rydland til Leirvik. Utanom ei kort regnbyge, var det bra ver.
Dei fleste idrettsteoretikarane er samde om at rolege og lange treningsøkter er positive innslag i ei effektiv trening, opp til 80% av treningstida. Puls kan liggja frå 65-80% av maksimal puls, ofte mellom 120 og 140 slag i minuttet. Skal ein bli god, må dette kombinerast med hardare trening, t.d. intervall-og styrketrening. Trening må likevel tilpassast kvar idrettsutøvar, og det som er roleg trening for nokon, kan vera hard for andre. 9-runden er tenkt som ei roleg langøkt med ei rundetid på 2:30 t. pluss/minus ti minutt.
Knut