Bli medlem!
9-runden 10. og 11. april
Forfatter: Knut Gramstad
11. april 2021
Forside
Staten bestemmer det meste for tida, men dei har ikkje kontroll over veret i april! Laurdag og søndag var det vinterlege temperaturar på Stord, men ikkje for kaldt for 9-runden.
Laurdag 10. var rapportskrivaren åleine på Esso kl. 9, og hadde ein roleg tur, for det meste i fint ver og lite biltrafikk. Is i klossen (fritt etter Hjelmeset) forseinka turen noko. Det var salta, og vegen var for det meste fri for snø og is.
Søndag hadde Espen, Roald og Knut ein roleg og flott runde i sol frå klar himmel, og mest ikkje vind. Me traff godt på idealtida 2:30.
Sykkel- og gangstien er nå kosta for det meste langs Langenuen og er fin til trening og tur.
Knut