Haugesund - Sauda 2024
Forfatter: Dag Foseid
07. mai 2024
Laurdag 25. mai vert eit av sesongens finaste turritt arrangert!
Haugesund - Sauda har i alle år vore blant dei mest populære og beste turritta i distriktet. Med start i Haugesund (Raglamyr) og målgang i Sauda sentrum, ligg alt til rette for ein nydeleg sykkeltur i flott Vestlandsnatur.
Stord sykleklubb har i alle år hatt god deltaking i rittet. Klubben har ved fleire høve hatt vinnaren, og henta heim den gjeve vandrepokalen.
Kakebordet i Sauda sentrum, er verkeleg noko å sjå fram til for deltakarane. Her bugnar det av lekre kaker, som gjev god restitusjonseffekt for meir eller mindre slitne syklistar.
Det at Saudadagane vert arrangert same helga, gjer at hundrevis av tilskodarar samlar seg langs oppløpet, som igjen dannar ei fantastisk ramme rundt innkomsten.
Alt om rittet finn ein på Sauda Sykkelklubb sine nettsider.
Påmelding kan ein gjere på EQ-Timing.
Statistikk frå rittet finn ein på dei supre nettsidene til Turritt.com.