[email protected]


Logo
Bli medlem
Bli medlem!

9-runden 19. og 20. desember

Forfatter: Knut Gramstad

22. desember 2020

Forside
News article image

Dei to siste helgeturane før jul gjekk mykje fortare enn "malen" på 2:30. Tidene 2:15 og 2:13, med vind og våt vegbane, er raske rundar. Me klarte heller ikkje å halda jamn intensitet. Det er ikkje lett å organisera rolege fellesturar, men eg trur likevel dette har noko for seg. Hardtrening bør skje i vekene.

Dag, Frode, Grant, Roald og Knut sykla i lag laurdag. På utsida av Uføro-tunellen låg eit knust toalett og sperra vegen. Det er rart at syndaren ikkje har rydda etter seg, men Dag tar saka opp med rett instans for å rydda vegen.

Søndagen sykla Espen, Dag, Jostein, Conny, Roald og Knut utanom den sperra vegen. Conny var tilbake etter lang pause, og det var tydeleg at ho har nytta tida godt! Ho klarte seg svært bra i det relativt harde tempoet.

Den tradisjonsrike 1. juledagsturen går frå Esso kl. 10. Me møtest også kl. 10 dei andre dagane i romjula pluss 1. nyttårsdag. Resten av 2021 reknar eg med me held fram med rolege turar frå Esso kl 9 laurdag og søndag.

Eg fekk ei trist melding i dag: Per Folgerø døydde i natt. Han har vore medlem i klubben i alle år, og deltok aktivt i ritt til han var 75 år gammal.

Knut