[email protected]


Logo
Bli medlem
Bli medlem!

Rapport frå 9-runden 13. og 14. februar

Forfatter: Knut Gramstad

14. februar 2021

Forside
News article image

Rapportskrivaren var "den ensomme rytter" også denne helga. Det gjekk greit med racersykkel utan pigg begge dagane.

Laurdag var ein ny iskald dag. Det var heldigvis lite vind og mykje sol, og det var lite biltrafikk utanom Sagvåg-Leirvik. Det gjekk ikkje fort i kulda, men det blei ein flott tur.

Søndag var det mykje mildare, og farten var nærare idealtida (2 1/2 time +- 10 minutt). Det var fredeleg med lite trafikk. Flott tur i bra ver!

Vintersykling krev ein del utstyr, og kan samanliknast med skiturar i kulda. Det er lurt med drikkevest eller tilsvarande for å halda vatnet flytande. Når temperaturen er under -5 bør ein dekka fjeset med buff eller maske, og ull må til under ytterkleda. Me må også sikra føter og nevar. Så lenge vegane er godt salta, kan det vera greit med vanleg sykkelutstyr. Me bør bruka piggdekk på is og snø.

Det er ikkje lett å vaska sykkelen når det er minusgrader, men det kan hjelpa med sykkelspray mot vegsaltet.

På Stord kan me sykla ute heile året!

Knut