Ekstraordinært årsmøte
Forfatter: Jan Istvan Vørøs
20. november 2023
Det vert kalla inn til ekstraordinært årsmøte på bakgrunn av den lokale sykkelsporten si framtid.
Den: 12.12.2023 vert det avvikla ekstraordinært årsmøte i Stord Sykleklubb.
Tidspunkt: 18.30
Stad: Kantina Wärtsila Grunnavågen, Sagvåg
Dagsorden:
1.Opning av årsmøtet ved styreleiar og teljing av årsmøte-røystande.
2.Val av møteleiar og underskrive protokoll.
3.Godkjenning av innkalling og dagsorden.
4.Namneendring av klubben
5.Innlemming av Bømlo SK i klubben
Info.saker: Terminliste / neste år.
Vert servert pizza!
I 25 og 40 år har Bømlo Sykkelklubb og Stord Sykleklubb vore sjølvstendige sykkelklubbar.
Etter nokre år med korona, nedstigningar, auka prisnivå på sykkel og utstyr, færre ritt og aktivitetar, samt dalande interesse for sykling, gjer at medlemstala er godt under halvert frå 2019. Med stadig strengare krav til organisering og drift, samtidig som iver etter å gjere friviljug organisasjonsarbeid, har det vore stadig vanskelegare å drive sykkelklubbane.
Ein har no kome i den situasjonen at Bømlo SK ikkje klarer å stable eit styre og organisere klubben vidare. Stord SK hadde i 2022/23 eit interimsstyre av nærast same årsak. Med dagens nivå i medlemstala og aktivitet i klubbane, kan det no synast å vere eit spørsmål om å overleva, for å holde liv i sykkelsporten og sykkel-aktivitetar i Sunnhordlandsregionen.
Det er difor Bømlo SK tok initiativ til ein dialog om samanslåing, som styret i Stord SK takka ja til. Det har gjennom samtaler og dialog kome fram til ein avtale som gjer det mogleg til å slå saman klubbane med at Stord SK skiftar namn til Sunnhordland SK og at Bømlo SK legg seg inn under denne ordninga.
Styret i Stord SK har trua på samanslåinga, og ser fleire fordelar som kan gje syklande i Sunnhordland ein samla betre klubb for å møte dei krav og behov som ein krev av ein sykkelklubb i framtida.
Styret i Stord SK trur vidare at ein er ikkje fleire ressurspersonar enn som ein krev for å holda liv i ein klubb, og at ein ikkje pr i dag klarer å holde i to klubbar.
Styret i Stord SK trur og at ein kan få ny giv og re-vitalisert noko energi, for å gje gnist til nytt håp om at trendar snur og sykling veks og utviklast.
Mvh,
STYRET