[email protected]


Logo
Bli medlem
Bli medlem!

Haugesund - Sauda 2025

Forfatter: Knut Gramstad

25. mai 2025

Sykkel
Forside
News article image

Flott innsats og fine forhold

Det var berre 5 syklistar som starta for Stord sk i laurdagsrittet frå Haugesund til Sauda. Best av våre var Dag, som også sykla tilbake! Elles fullførte Hairi, Martin og Knut, medan Marcus var uheldig og punkterte og haika seg til mål. Dag kom i mål i ei gruppe saman med Alf og Grant, medan Torleif og Gunnleiv si gruppe kom inn nokre minutt tidlegare. Martin og Knut fann ei gruppe frå Tosk,og hadde ein roleg, fin tur i medvinden.

For Sunnhordland fullførte elles Svein Tore og Johan med sterke tider. Svein Tore var raskast med ein flott 15. plass.

Sunnhordland sk hadde ordna med buss, og bussturen til og frå var som vanleg triveleg.

Rittet har vore eit viktig ritt for klubben vår. Av dei som var med på laurdag, har Dag og Knut 26 fullførte ritt, Martin har 12 og Hairi har 4.

Eg vonar Sauda sk held fram dette flotte rittet, som blei prikkfritt gjennomført.

Knut