[email protected]


Logo
Bli medlem
Bli medlem!

Rapport frå siste 9-rundehelga i juni

Forfatter: Knut Gramstad

29. juni 2020

Forside
News article image

Laurdag 27. juni var ein av dei finaste dagane i år. Espen, Grant, Even, Knut L., Jan Magne, Kjell, Torgeir, Remi og Knut G. hadde ein rask tur rundt Stord. Praten gjekk likevel livleg, og stemninga var god. Det er meir arbeid å sykla først, og denne jobben blei delt mellom fleire.

Søndagen sa vervarslinga regn, og det blei det. Etter opphaldsver og tørre vegar fram til Jektevik blei det svært vått for Espen, Knut L., Jostein, Simon og Knut G.. Jostein var svært aktiv og farten blei stor.

Me er som regel samde om å ta ein roleg tur når me står ved Esso klokka 9, men når me kjem på vegen er dette gløymt. Roleg trening er viktig og naudsynt for syklistar, men det kan lett bli konkurranse og me ønskjer å visa styrke. Dette er sjølvsagt bra, men det må ikkje styra kvar einaste langtur. Det blir slitsamt, og det skremer vekk ein del ryttarar. Oppmodinga blir difor: ta det roleg og nyt turen!

Knut