5 ferdig utdanna Trener1
Forfatter: Jan Istvan Vørøs
20. februar 2019
To helgesamlingar, 16 timar e-læring og praksis i eigen klubb er innhaldet i utdanninga for dei fem i Stord SK som no snart er godkjente trenare på nivå 1. Nils Arne Røvde, Rolf Å. Skår, Alexander Kvarven, Mikal Drivenes og Remi A. Sortland har berre trenarpraksis igjen.
I september hadde ein gjeng på 9 deltakare frå Stord SK, CK Haugaland og CK Bryne første samling, frå laurdag til søndag gjennomførte dei første del av Trener1 utdanninga for å sertifisere seg for første nivå på trenar-stegen. Helga var viet treningsteori for barn og unge og spesifikk sykkeltrening.
No førre helg var deltakarane på ny samla for å gjennomføre noko meir teori og praksis knytt til utdanninga. Her stod førstehjelp og praktisk tilrettelegging av treningar på programmet.
For våre nyutdanna trenarar gjenstår berre praksis i eigen klubb før dei får stempelet godkjent frå NCF.
Gjennom satsing på ønske Stord Sykleklubb å ruste klubben til å satse vidare inn i framtida på sykkel i distriktet vårt. Og vonar om mange gode sykkelår i Stord SK.