[email protected]


Logo
Bli medlem
Bli medlem!

Rapport frå fellessykling 6., 13. og 14. juni

Forfatter: Knut Gramstad

16. juni 2020

Forside
News article image

Laurdag 6. var ein viktig dag for fellestreninga. Då skulle Eline vera med for første gong, og fleire (Åsmund, Harald E., Solfrid, Grete og Gisle m. fl.) var med henne. Det blei litt mange på ein gong i trafikken rundt øya, og Knut L., Harald Å., Espen, Dag, Per Magne, Roger N. og Knut G. sykla i ei gruppe for seg. Flott tur for alle!

Laurdag 13. var det mest like fint ver som helga før, sjølv om vermeldingane var dårlegare. Knut L., Espen, Roald og Knut G. var rundt i fint driv, og praten gjekk livleg i gruppa.

Praten gjekk like bra søndag 14., og det fine veret var tilbake. Knut L., Espen, Roald og Knut hadde ein fin tur. Espen og Knut tok ein ekstra tur til Bømlo for å få nok mil til å delta i Bergen-Voss 2020. Takk for drahjelp, Espen!

Knut