[email protected]


Logo
Bli medlem
Bli medlem!

Fellessykling 15. og 16. og august

Forfatter: Knut Gramstad

16. august 2020

Forside
News article image

Laurdag 15. var Espen, Dag, Grant. Freddy, Even og Knut rundt øya i fint, varmt ver. Ved Rydland-butikken blei farten skrudd opp, og det blei kamp om å koma først til Rutle. Rapportskrivaren deltok ikkje i striden.

Espen, Dag, Jostein, Gunnar, Pål, Alexander H., Knut L., Roald, Simon, Knut G. og ein syklist i Bømlo-drakt sykla rundt Stord-øya i flott ver på søndag. Det er kjekt å ha med bømlingar på runden! Det gjekk jamnt fort, noko fortare enn idealtida, 2 1/2 time. Det var likevel tid til hyggeleg prat mellom syklistane. Fellesturar som dette er bra for kropp og sjel.

Knut